Rebecca Gablé | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 25. september 1964 (60 år) Wickrath |
Yrke | mellomalderhistorikar, skribent, filolog, bankkasserar, omsetjar, litteraturvitar |
Språk | tysk |
Rebecca Gablé på Commons |
Rebecca Gablé (fødd 25. september 1964) er ein tysk forfattar av historiske romanar. Ho er best kjend for riddarromanar sett i mellomalderen. Ho verker også som omsetjar frå engelsk.
Etter å ha gått ut av skulen byrja ho i 1984 på ein eittårig lærlingsperiode som bankassistent. Ho arbeidde totalt fire år i bank. På denne tida budde ho nær ein militærbase nytta av britiske Royal Air Force, og kom i kontakt med personellet der. Det gav henne ei intens interesse for engelsk språk og kultur, noko som stadig er tydeleg i dei litterære verka hennar.[1][2] Det kommersielle gjennombrotet hennar kom i 1997 med den fyrste historiske romanen hennar Das Lächeln der Fortuna, som det blei selt 200 000 eksemplar av i det fyrste året etter utgjevinga. I 1991 byrja ho studera litteraturvitskap og mellomalderstudiar ved Heinrich-Heine-Universität Düsseldorf, og tok magistergrad i 1996. Frå 1999 til 2000 hadde ho ei lærarstilling her innan gammalengelsk litteratur. I 2000 gav ho ut Das zweite Königreich, også ein historisk roman. Sidan det har ho hatt fleire bestseljarar i same sjanger. I tillegg til ein serie om den oppdikta Waringham-familien, som er tett knytt til det engelske kongehuset i mellomalderen og tidleg moderne tid, har Gablé skrive andre romanar som går føre seg i mellomalderen.[3]