Rebels Singel av Tom Petty and the Heartbreakers frå albumet Southern Accents | ||
Utgjeve | 25. mars 1985 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | Heartland rock | |
Lengd | 5:21 | |
Selskap | MCA | |
Låtskrivar(ar) | Tom Petty | |
---|---|---|
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi | ||
«Don't Come Around Here No More» (1985) |
Rebels | «Make It Better (Forget About Me)» (1985)
|
«Rebels» er ein song av Tom Petty and the Heartbreakers frå albumet Southern Accents i 1985. Han vart gjeven ut som singel frå albumet same året. Singelen nådde berre 74. plassen på Billboard Hot 100, og gjorde det mykje betre på Billboard Album Rock Tracks-lista, der han nådde femteplassen.
Songen vart spelt inn i 1984. Det var under innspelinga av denne songen at Petty fekk eit brot i handa. Petty hugsar at han var så påverka av dop at han ikkje fekk til det arrangementet han ønskte. Petty gjekk inn i kontrollrommet og sette den originale demosongen på, som var berre han og ein Rickenbacker 12-strengsgitar. Dette gjorde han så rasande at han storma opp trappene i huset sitt og slo veggen i handa. Petty måtte opererast og gjekk med metallskruar i handa i lang tid.[1]
Liste (1985) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Album Rock Tracks | 5 |
U.S. Billboard Hot 100 | 75 |