Red Wave: 4 Underground Bands from the Soviet Union Samlealbum av Akvarium, Kino, Alisa and Strannje Igry | ||
Utgjeve | 1986 | |
Sjanger | Russisk rock | |
Lengd | 75:56 | |
Selskap | Big Time Records | |
Produsent | Joanna Stingray |
Red Wave: 4 Underground Bands from the Soviet Union var eit delt dobbeltalbum som kom ut i 1986 med banda Akvarium, Kino, Alisa og Strannje Igry (Strange Games), alle russisk rock frå Leningrad. Det var første gong russik rock vart gjeve ut i USA.[1]
Joanna Stingray, som utvikla eit venskapleg forhold med somme av dei viktigaste medlemmane av sovjetisk undergrunnsrock då ho først vitja Sovjetuionen, og Boris Grebensjtsjikov, frontmannen i Akvarium, hadde ideen om å publisere eit slikt album i vesten. Songane for samlinga vart spelte inn privat av dei fire Leningrad-banda og smugla av Joanna Stingray til USA. Produksjonen og utgjevinga vart gjort av det Los Angeles-baserte indie-selskapet Big Time Records den 27. juni 1986.[2]
Tre av dei fire banda (Akvarium, Kino og Alisa) på dette albumet vart seinare ikonar innan russisk rock og er framleis særs populære i Russland.
Frå albuma Tabu, Deti Dekabrja and Radio Afrika.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Видели ночь ([Me har] Sett natta)» | 3:04 |
2. | «Фильмы (Filmar)» | 3:32 |
3. | «Город (By)» | 3:46 |
4. | «Это — любовь (Dette er kjærleik)» | 2:51 |
5. | «Троллейбус (Trolleybuss)» | 2:24 |
Alle songar frå albumet Energija.