Regjeringa Hagerup II, Francis Hagerup si andre regjering, var ei norsk regjering som sat frå 22. oktober 1903 til 11. mars 1905.[1] Regjeringa var ein koalisjon mellom Samlingspartiet, Venstre (V) og Høgre (H).[1]
To av medlemmane i regjeringa - Christian Michelsen og Jacob Marius Schøning - søkte avskjed 28. februar 1905, og dei øvrige dagen etter. Grunnen var intern usemje om statsministeren si forhandlingsline i unionspørsmålet.[1]