Regjeringa Halvorsen I, Otto Bahr Halvorsen si første regjering var ei norsk regjering som sat frå 21. juni 1920 til 22. juni 1921.[1] Regjeringa var ei mindretalsregjering mellom Høgre og Frisindede Venstre.
Ho søkte avskjed i statsråd 18. juni 1921 etter at statsminister Otto B. Halvorsen hadde stilt kabinettspørsmål i Stortinget og fått fleirtalet mot seg.[1]