Regjeringa Halvorsen II, Otto Bahr Halvorsen si andre regjering var ei norsk regjering som sat frå 6. mars 1923 til 30. mai 1923. Ho var ei samarbeidsregjering mellom Høgre og Frisindede Venstre.[1]
Regjeringa vart oppløyst da Otto B. Halvorsen døydde 23. mai 1923, og Christian Fredrik Michelet fungerte som statsminister fram til Regjeringa Berge tiltredde 30. mai.[1]