Regjeringa Lyng var ei koalisjonsregjering med dei politiske partia Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. Regjeringa kom til makta etter at regjeringa Gerhardsen III den 28. august 1963 måtte gå av på grunn av mistillitsframlegg. Mistillita frå Stortinget kom på grunn av Kings Bay-ulukka. John Lyng si regjering måtte gå av etter kort tid, då partia på venstresida reiste mistillitsframlegg i samband med regjeringserklæringa. Regjeringa gjekk av 25. september 1963.
Verv | Namn | Parti | Periode |
Statsminister | John Lyng | Høgre | |
Utanriksminister | Erling Wikborg | Kristeleg Folkeparti | |
Statsråd for Løns- og prisdepartementet | Ole Myrvoll | Venstre | |
Statsråd for Justis- og politidepartementet | Petter Koren | Kristeleg Folkeparti | |
Statsråd for Sosialdepartementet | Kjell Bondevik | Kristeleg Folkeparti | |
Statsråd for Kyrkje- og undervisingsdepartementet | Olaf Kortner | Venstre | |
Statsråd for Kommunal- og arbeidsdepartementet | Bjarne Lyngstad | Venstre | |
Statsråd for Familie- og forbrukardepartementet | Karen Grønn-Hagen | Senterpartiet | |
Statsråd for Landbruksdepartementet | Hans Borgen | Senterpartiet | |
Statsråd for Fiskeridepartementet | Onar Onarheim | Høgre | |
Statsråd for Samferdsledepartementet | Lars Leiro | Senterpartiet | |
Statsråd for Forsvarsdepartementet | Håkon Kyllingmark | Høgre | |
Statsråd for Industridepartementet | Kaare Meland | Høgre | |
Statsråd for Finans- og tolldepartementet | Dagfinn Vårvik | Senterpartiet | |
Statsråd for Handels- og skipsfartsdepartementet | Kåre Willoch | Høgre |