Reinøya Lokalt namn Vasis | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Porsangerfjorden |
Koordinatar | 70°16′08″N 25°17′34″E / 70.26889°N 25.29278°E
|
Areal | 12,8 km²
|
Høgaste punkt | Beavŋa-Gáđešvárri (112 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Finnmark
|
Reinøya (finsk Vassa, nordsamisk Vasis) er ei øy i Porsanger kommune i Finnmark fylke. Øya ligg sørvest for Børselv i Porsangerfjorden. Reinøya har eit areal på 12,8 km², og det høgaste punktet på øya er 112 moh.
Reinøya er verna som naturreservat. Øya har ein av Nord-Europa sine største dolomittførekomstar.