Release Me av Little Esther Phillips | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1962 | |
Sjanger | populærmusikk | |
Komponist | Eddie Miller, Robert Yount, James Pebworth | |
Tekstforfattar | Eddie Miller, Robert Yount, James Pebworth | |
Låtskrivar(ar) | Eddie Miller
James Pebworth Robert Yount |
---|
«Release Me» (stundom kalla «Release Me (and Let Me Love Again)») er ein populær song skriven av Eddie Miller og Robert Yount i 1949. Kort tid etter vart han spelt inn av Jimmy Heap, og med enno større suksess av Ray Price og Kitty Wells. Kort tid etter vart han ein stor hit for Little Esther Phillips, som nådde toppen av R&B-lista og åttandeplassen på poplista i USA med songen.[1] Ein versjon av Engelbert Humperdinck gjekk til topps på den britiske singellista.[2]
Engelbert Humperdinck-versjonen låg seks veker på toppen av den britiske lista i mars og april 1967, og hindra The Beatles-singelen «Penny Lane» / «Strawberry Fields Forever» frå å nå toppen av lista. «Release Me» var òg den mestseljande singelen i Storbritannia i 1967, med over ein million selde eksemplar, og vart med tida ein av dei mestseljande singlane gjennom tidene med over 1,38 millionar selde eksemplar.[3]
Sjølv om Miller hevda å ha skrive songen i 1946 og først kunne spele han inn i 1949, skreiv han songen i lag med Robert Yount i 1949.[4] Då dei på den tida arbeidde med Dub Williams (eit pseudonym for James Pebworth),[5] gav dei han ein tredjedel av låten. Songen vart tilskriven Miller-Williams-Gene, der Yount brukte scenenamnet Bobby Gene.[4]
Sjølv om han var eigar av Four Star Records, brukte William McCall, vanlegvis å leggje til pseudonymet «W.S. Stevenson» som låtskrivar for songar han publiserte, men dette gjorde han ikkje i 1949. I 1957 kom derimot Miller og Yount til ei ny semje med Four Star Records, der «W.S. Stevenson» erstatta Williams som medlåtskrivar.[6]
Yount gav bort honorarrettane sine til William McCall i 1958, og frå den tid vart songen offisielt tilskriven «Miller-Stevenson», men det har vore fleire variantar opp gjennom åra.[6] Engelbert Humperdinck-versjonen er til dømes tilskriven Eddie Miller, Robert Yount, Dub Williams og Robert Harris. Sistnemnde viste seg og òg å vere eit pseudonym for James Pebworth.[7]
Då Four Star gjekk konkurs, vart opphavsretten til songen kjøpt av Acuff-Rose Music. Då den første avtaleperioden var over i 1983, vart han fornya. Mellom 1983 og 1985 betalte Acuff-Rose honorar til Yount, før dei vart gjort merksame på avtalen frå 1958 av familien til den avdøde William McCall. Acuff-Rose slutta så å betale ut honorara fram til striden mellom fordringshavarane vart løyst. Den 24. desember 1996 opprettheldt ankedomstolen kravet til McCall.[6]
Release Me Singel av Ray Price | ||
A-side |
I'll Be There (If You Ever Want Me) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1954 | |
Innspelt | 28. desember 1953
Castle Studio at The Tulane Hotel Nashville | |
Sjanger | Country | |
Selskap | Columbia 4-21214 | |
Komponist | Eddie Miller, Robert Yount, James Pebworth | |
Tekstforfattar | Eddie Miller, Robert Yount, James Pebworth | |
Låtskrivar(ar) | Eddie Miller
James Pebworth Robert Yount | |
Produsent | Don Law | |
Ray Price-kronologi | ||
«Leave Her Alone» (1953) |
Release Me | «I'm Much too Young to Die» (1954)
|
I countrymusikken vart «Release Me» ein hit for Jimmy Heap, Kitty Wells og Ray Price, alle i 1954. Sjølv om Price hadde hatt fleire hittar før, vert «Release Me» stundom rekna som gjennombrotet hans. Songen hadde element av 4/4-shuffle, signaturstilen til Price som vart meir tydeleg på seinare hittar som «Crazy Arms».
Versjonen til Price kom ut på ei dobbel A-side i lag med ein annan song som introduserte fansen for 4/4 shuffle: «I'll Be There (If You Ever Want Me)». Begge sidene vart store hittar for Price, der «Release Me» nådde sjetteplassen på singellista og «I'll Be There» nådde andreplassen.
Release Me Singel av Engelbert Humperdinck | ||
B-side |
«Ten Guitars» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1967 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:18 | |
Selskap | Decca Records F12541[2] | |
Komponist | Eddie Miller, Robert Yount, James Pebworth | |
Tekstforfattar | Eddie Miller, Robert Yount, James Pebworth | |
Produsent | Charles Blackwell[2] | |
Engelbert Humperdinck-kronologi | ||
«Dommage Dommage» (1966) | Release Me | «There Goes My Everything»
(1967)
|
Soga om korleis songen gjekk til topps på UK Singles Chart[8] handlar om flaks. I 1965 spelte Humperdinck under namnet Gerry Dorsey, og møtte ein gamal ven, Gordon Mills. På den tida var Mills manager for Tom Jones. Han byrja å arbeide som manager for Dorsey òg. Humperdinck hadde gjeve ut eit par singlar i Storbritannia utan hell, sjølv om «Dommage, Dommage» hadde vore ein suksess i Europa.[2]
Tidleg i 1967 vart Humperdinck beden om å erstatte Dickie Valentine, som var sjuk, på TV-showet Sunday Night at the London Palladium.[2]Showet var eit av dei mest sette i Storbritannia på den tida. Han song den siste songen sin, «Release Me», og ha gjekk til topps på UK Singles Chart den 2. mars og låg der i seks veker, og heldt samstundes «Penny Lane»/«Strawberry Fields Forever» av The Beatles unna toppen av lista.[2] The record stayed in the charts for a record fifty-six consecutive weeks.[9]
Lister (1967) | Plassering |
---|---|
Irish Singles Chart | 1 |
UK Singles Chart[10] | 1 |
Den nederlandske singellista | 2 |
New Zealand Singles Chart | 2 |
Australian Kent Music Report | 3 |
U.S. Billboard Hot 100 | 4 |
U.S. Billboard Easy Listening | 28 |