Richie Edwards

Richie Edwards

Fødd25. september 1974 (50 år)
FødestadLichfield
OpphavStorbritannia
AktivSidan 2005
SjangerHardrock, glam metal, heavy metal, glamrock
InstrumentVokal, gitar, bass
Tilknytte artistarStone Gods, The Darkness, Onion Trump
PlateselskapAtlantic, Must Destroy
Verka somMusikar, songar, låtskrivar, bassist, gitarist

Richie Edwards (fødd 25. september 1974) er ein engelsk musikar. Han er tidlegare bassist i det britiske hardrockbandet The Darkness og gitarist og songar i etterfølgjaren Stone Gods.[1] Han erstatta den originale bassisten i bandet, Frankie Poullain, frå 13. juni 2005. Då The Darkness vart oppløyst etter at Justin Hawkins slutta, byta Edwards til solovokal medan Toby McFarlaine tok over på bass. Med dei originale Darkness-medlemmane Ed Graham og Dan Hawkins skipa han The Stone Gods.

Før han vart med i The Darkness, arbeidde Edwards i nesten to år som gitarteknikar for bandet. Han var òg medlem av bandet Onion Trump.

  1. «Out of Darkness cometh Stone Gods». Expressandstar.com. 23. juni 2008. Henta 11. mai 2022. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]