Rick Derringer | |||
Derringer med Ringo Starr i 2011 | |||
Fødd | 5. august 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Fort Recovery i Ohio i USA | ||
Fødenamn | Ricky Dean Zehringer | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1965 | ||
Sjanger | Hardrock, bluesrock, funkrock, pop, kristenrock, blues, jazzfusion | ||
Instrument | Gitar, vokal | ||
Tilknytte artistar | The McCoys, Edgar Winter, Johnny Winter, Steely Dan, Todd Rundgren, «Weird Al» Yankovic, Ringo Starr's 11th All-Starr Band | ||
Plateselskap | Epic Records | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent |
Rick Derringer (fødd 5. august 1947 som Ricky Dean Zehringer) er ein USA-amerikansk gitarist, vokalist, produsent og underhaldar. Han vart kjend i 1960-åra som medlem av The McCoys, der han song solovokal på den store hitsingelen deira, «Hang On Sloopy». Han baserte seg så på bluesrock og fekk ein hit i 1974 med «Rock and Roll, Hoochie Koo». Han har arbeidd mykje med brørne Edgar og Johnny Winter, og med gruppa Steely Dan. Han har òg arbeidd med «Weird Al» Yankovic, og produserte dei Grammy-prisvinnande songane «Eat It» og «Fat», og med World Wrestling Federation, der han skreiv inngangsongane for Hulk Hogan og Demolition.
|
|
|
|