Rigmor Dam | |||
| |||
Fødd | 18. desember 1971 (52 år) Tórshavn | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Javnaðarflokkurin | ||
Yrke | journalist, lærar, politikar, kommunikasjonsrådgiver | ||
Ektefelle | Arnbjørn Ó. Dalsgarð | ||
Verv | Kulturminister på Færøyane 15. september 2015–21. januar 2019 | ||
Føregangar | Bjørn Kalsø | ||
Etterfylgjar | Hanna Jensen og Høgni Hoydal | ||
Verv | Lagtingsmedlem 29. oktober 2011–31. august 2019 | ||
Alle verv |
Rigmor Dam (fødd 18. desember 1971 i Tórshavn) er ein færøysk kommunikasjonsrådgjevar, journalist og politikar som representerer partiet Javnaðarflokkurin. Ho var medlem av det færøyske Lagtinget 2011–2019 og kulturminister på Færøyane 2015–2019.
Dam er dotter av Durita og Bergur P. Dam. Farfaren er den tidlegare, sosialdemokratiske statsministeren Peter Mohr Dam, mens tidlegare statsminister {Atli Dam og tidlegare minister Helena Dam á Neystabø, også sosialdemokratar, er høvesvis farbror og kusine. Rigmor Dam er gift med forfattaren Arnbjørn Ó. Dalsgarð, som ho har tre barn med.[1]
Dam vaks opp i både Tórshavn og København. Ho har studentareksamen frå Føroya Studentaskúli frå 1991, lærarutdanning frå Blaagaard Statsseminarium frå 1998 og årsstudium i journalistikk og samfunnsvitskap fra høvesvis Danmarks Journalisthøjskole og Roskilde Universitetscenter. Dam underviste i folkeskulen i Tórshavn fram til 2005. Frå 2006 til 2010 var ho journalist ved eit mediehus i Tórshavn, der ho for det meste arbeidde for dagsavisa Sosialurin.[2] I 2010 blei ho tilsett som kommunikasjonsrådgjevar i fagforbundet for offentlege tilsette på Færøyane.[3]
Dam byrja sitt politiske virke i Sosialistiskt Ungmannafelag. Mens ho studerte i København, var ho redaktør i Oyggjaskeggi, eit tidsskrift for færøyske studentar.[2] Ho har hatt styreverv i kvinnerørsla på Færøyene. Dam har vore innvald på Lagtinget sidan 2011. Ho var nestformann i Lagtingets velferdskomité og medlem av kulturkomiteen frå 2011 og fram til regjeringsdanninga i 2015, då ho blei kulturminister.[4] Ho trekte seg som kulturminister i januar 2019 etter store budsjettoverskridingar ved skuleutbygginga i Marknagil i Tórshavn – det hittil største byggjeprosjektet på Færøyane.[5][6]