Riksteatret

Riksteatret vart grunnlagt ved stortingsvedtak i 1948 som eit statleg finansiert turneteater. Det hadde si første framsyning i Kirkenes 16. juli 1949 , En reise i natten, av Sigurd Christiansen. Riksteatret turnerer over heile Noreg med eigne produksjonar, innkjøpte produksjonar eller samproduksjonar med andre teater og frie profesjonelle grupper.

I 2004 hadde Riksteatret i alt 664 framsyningar av 12 forskjellige produksjonar. Alle fylka i landet får besøk av Riksteatret, og dei har eit årleg publikumstal på 100 - 135 000. Teateret har administrasjon, scener og prøvelokale i Nydalen i Oslo og 67 faste spelestader spreidd over heile landet.

Riksteatret tilbyr òg teknisk konsulentverksemd i samband med bygging av nye scener og renovering av teater og kulturhus.

Noverande teatersjef er Ellen Horn og styreleiar er Marit Reutz.

Teatersjefar

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • I storm og stille, jubileumsboka til Riksteatret sin 40-årsdag i 1988.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]