Guadalfeo | |||
elv | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 150 km² | ||
Lengd | 71 km | ||
Middelvassføring | 6,65 m³/s | ||
Kjelde | Nær Órgiva | ||
Munning | Middelhavet | ||
Rio Guadalfeo 36°43′26″N 3°34′45″W / 36.72394°N 3.57906°W | |||
Wikimedia Commons: Guadalfeo |
Rio Guadalfeo er ei lita elv i provinsen Granada i Spania mellom Sierra Nevada og kystfjella Sierra de la Contraviesa og Lújar. Elva er 71 km lang.
Tre elvar dannar Guadalfeo, Rio Poqueira, Río Trevélez og Cádiar. Poqueira og Trevélez renn saman like før elva renn saman med Cádiar nær byen Órgiva. Elva renn gjennom regionen La Alpujarra det meste av tida og munnar ut i havet nær Motril etter å ha passert ei flott kløft mellom Lújar og Chapparalfjella. Elva tørkar ofte opp her, og før dette vert mykje av vatnet nytta i jordbruket. Rulesdammen vart nyleg bygd over elva nær Vélez de Benaudalla i kløfta, noko som har skapt eit stort reservoar og lagt delar av dalen under vatn.