Rob Davis | |||
| |||
Fødd | 1. oktober 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Carshalton, Surrey, England | ||
Fødenamn | Robert Berkeley Davis | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1962 | ||
Sjanger | Glamrock | ||
Instrument | Gitar, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Mud, The Tremeloes, Darts, Kylie Minogue, Spiller, Jan Johnston, Paul Oakenfold, Cathy Dennis, Rachel Stevens, Holly Valance, Klaxons | ||
Verka som | Musikar, songar-låtskrivar |
Robert Berkeley Davis (fødd 1. oktober 1947) er ein engelsk gitarist og låtskrivar.
Han var opphavleg medlem i den engelske rockegruppa Mud.[1][2] Som medlem av bandet skreiv han mange av songane til Mud, men det var først etter bandet var oppløyst at han fekk størst suksess som låtskrivar.
Etter å ha møtt Paul Oakenfold seint i 1980-åra skifta han sjanger frå rock til club- og dance. Han arbeidde med Coco Star og skreiv «I Need a Miracle», som nådde 39. plassen i Storbritannia i 1997.[3][4] I 2000 oppnådde han størst suksess som låtskrivar då denne songen vart blanda med Fragma sin «Toca Me» til «Toca's Miracle». Denne gjekk til topps på den britiske og skotske singellista den 10. april.[5][6] Davis skreiv tekst til Spiller-songen «Groovejet (If This Ain't Love)». Denne songen gjekk til topps på listene i fem land, inkludert Storbritannia, Australia og New Zealand.[7][8]
Davis og Cathy Dennis skreiv «Can't Get You Out of My Head» for Kylie Minogue. Denne songen gjekk til topps i alle land i Europa utanom eitt i 2001 og selde over fire millionar eksemplar.[9][10] Davis og Dennis vann Ivor Novello-prisen for songen det året.[11] Songen vart opphavleg skriven for Sophie Ellis-Bextor, men ho avviste songen. I 2004 vann Davis Grammy-prisen i lag med medprodusenten Philip Larsen og Minogue for ein annan Minogue-singel, «Come into My World», i kategorien for beste dance-song.[12] Songen nådde fjerdeplassen i Australia og nådde åttandeplassen i Storbritannia.[13][14]
Han arbeidde òg med Jan Johnston og var medlåtskrivar på songen «One Foot Boy» av Mika på albumet The Boy Who Knew Too Much (2009).[15]