Rock 'n' Roll Suicide Singel av David Bowie frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 11. april 1974 | |
Innspelt | Trident Studios i London Februar 1972 | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 2:57 | |
Selskap | RCA Records LPBO 5201 | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Produsent | David Bowie, Ken Scott | |
David Bowie-kronologi | ||
«Rebel Rebel» (1974) |
Rock 'n' Roll Suicide | «Diamond Dogs» (1974)
|
«Rock 'n' Roll Suicide» er ein song av David Bowie, opphavleg gjeven ut som den siste songen på albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i juni 1972. Han fortel soga om Ziggy som kollapsar som ei gammal, utvaska rockestjerne, og var òg siste songen spelt på Ziggy Stardust-konsertane. I april 1974 gav RCA songen ut på singel.
Time takes a cigarette
Puts it in your mouth
You pull on your finger
Then another finger
Then your cigarette
Bowie såg på songen i same tradisjon som ein fransk chanson,[1] medan biografen David Buckley har skildra både «Rock 'n' Roll Suicide» og opningssporet på albumet, «Five Years», «meir som avantgarde showsongar enn faktiske rockesongar».[2] Journalisten Stephen Thomas Erlewine meinte på liknande vis at songen hadde «ei stor kjensle av scenesett drama ein tidlegare ikkje hadde høyrt i rock & roll».[3]
Sjølv om Bowie har indikert Baudelaire som inspirasjon, er teksten «Time takes a cigarette...» meir lik diktet «Chants Andalous» av Manuel Machado: «Life is a cigarette / Cinder, ash and fire / Some smoke it in a hurry / Others savour it».[1] Den formanande linja «Oh no, love, you're not alone» refererer til Jacques Brel-songen «You're Not Alone» («Jef») som fanst i musikalen Jacques Brel is Alive and Well and Living in Paris.[4] Bowie spelte Brel sin «My Death» under Ziggy Stardust-konsertane og spelte «Amsterdam» på BBC.
«Rock 'n' Roll Suicide» var ein av dei siste songane som vart spelte inn for Ziggy Stardust, i lag med «Suffragette City», som var songen før på albumet, samt «Starman», som kort tid etter vart gjeven ut som singel. Songen vart spelt inn 4. februar 1972[5]. Som den siste songen på albumet og under Ziggy Stardust-konsertane i 1972-1973, vart han snart eit slagord, som stod på jakkene til mange av tilhengjarane.[6]
I april 1974 var RCA utolmodige av å vente på nye songar og hadde alt skunda seg med å gje ut «Rebel Rebel» frå Diamond Dogs-innspelinga, og plukka vilkårleg ut denne songen som singel. Han var to år gammal og dei fleste hadde alt songen på Ziggy Stardust-albumet. Singelen gjorde det derfor ikkje så veldig bra.[7] Han nådde 22. plass i Storbritannia, den første RCA-singelen til Bowie som ikkje nådde Topp 20 sidan «Changes» i januar 1972. B-sida til singelen var «Quicksand».