Rockin' Around the Christmas Tree Singel av Brenda Lee frå albumet Merry Christmas from Brenda Lee | ||
B-side |
«Papa Noël» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1958 (US), desember 1962 (UK)[1] | |
Innspelt | 19. oktober 1958 | |
Sjanger | jul, country, rockabilly | |
Lengd | 2:02 | |
Selskap | Desca 9-30776 | |
Komponist | Johnny Marks | |
Låtskrivar(ar) | Johnny Marks | |
Brenda Lee-kronologi | ||
«Rock-a-Bye Baby Blues» (1957) |
Rockin' Around the Christmas Tree | «I Want to Be Wanted (Per Tutta La Vita)» (1960)
|
«Rockin' Around the Christmas Tree» er ein julelåt skriven av Johnny Marks og spelt inn av Brenda Lee i 1958 for Desca 9-30776.
Trass i at stemma høyrest ganske vaksen ut, var Lee berre 13 år gammal då ho song inn songen. Med på innspelinga var Hank Garland på gitar, medan Boots Randolph spelar saksofonsoloen.
Ein instrumentalversjon av songen finst som bakgrunnsmusikk for fjernsynsprogrammet Rudolph the Red-Nosed Reindeer i 1964, som berre hadde med musikk skriven av Marks. Songen vart òg nytta i filmen Hjemme alene i 1990.
Decca gav ut singelen i både 1958 og 1959, men selde ikkje særleg før Lee slo gjennom i 1960. Då jula kom det året klatra «Rockin' Around the Christmas Tree» til 14. plassen på Billboard Hot 100.[1] Han fortsette å selje godt kvar jul dei enste åra og klatra så høgt som tredjeplassen på julesonglista til Billboard i desember 1965.
Songen nådde sjetteplassen på den britiske singellista i 1963, og på grunn av digital nedlasting gjekk han inn på UK Singles Chart i 2013, då han nådde ein 63. plass. I fleire tiår var Brenda Lee den einaste kjende versjonen av songen.
Rockin' Around the Christmas Tree Singel av Mel & Kim | ||
B-side |
«Deck the Blooming Halls» | |
---|---|---|
Utgjeve | 23. november 1987 | |
Sjanger | Julemusikk | |
Lengd | 3:38 | |
Selskap | Ten | |
Komponist | Johnny Marks | |
Låtskrivar(ar) | Johnny Marks | |
Produsent | Stuart Colman | |
Mel & Kim-kronologi | ||
«Say You Really Want Me» (1987) |
Rockin' Around the Christmas Tree | «Hey Mister Heartache» (1988)
|
Ein versjon av Kim Wilde og Mel Smith (omtalt som «Mel & Kim» som ein parodi på den då populære systergruppa Mel and Kim), med Pete Thomas, nådde tredjeplassen på UK Singles Chart jula 1987. Songen vart spelt inn til inntekt for Comic Relief. I musikkvideoen kan ein sjå dei to som held ein julefest med gjester som The Mekon og komikarpartnaren til Smith, Griff Rhys Jones medan julekoret vert spelt av bandet Curiosity Killed The Cat.
Bob Rivers spelte inn ein parodi av songen kalla «Shoppin' Around for a Christmas Tree» for albumet White Trash Christmas i 2002.
Artistar som har spelt inn songen er mellom andre: