Roes Welcome Sound

Roes Welcome Sound
sund
Land  Canada
Del av Hudsonbukta
Kart
Roes Welcome Sound
65°01′00″N 86°40′00″W / 65.01666667°N 86.66666667°W / 65.01666667; -86.66666667

Roes Welcome Sound er eit langstrekt sund i nordvestenden av Hudsonbukta i Kivalliq i Nunavut i Canada, mellom fastlandet i vest og Southamptonøya i aust. Sørenden går ut i Hudsonbukta, medan nordenden opnar seg til Repulse Bay ved Naujaat som er knytt via Frozen Strait til Foxesjøen, slik at Southamptonøya blir ei øy. Wager Bay er ei vestleg bukt i sundet. Det ligg 200 kilometer (120 mi) nord for Marble Island.[1] Roes Welcome Sound er 290 kilometer (180 mi) langt og 24 til 113 kilometer (15 til 70 mi) breitt.[2]

Den fyrste europearen som kom til sundet var Thomas Button i 1613, som kalla det «Ne Ultra», som tyder 'ikkje vidare'. Det blei seinare kalla opp etter sir Thomas Roe, ein venn og støttespelar av Luke Fox som utforska Arktis i 1631.[3][4] Kaptein Parry, som prøvde å finna Nordvestpassasjen under si reise i 1821, skreiv:[5]

On an inspection of the charts, I think it will also appear probable that a communication will one day be found to exist between this inlet (Prince Regent's) and Hudson's Bay, either through the broad and unexplored channel called Sir Thomas Roe's Welcome, or through Repulse Bay, which has not yet been satisfactorily examined.

Roes Welcome Sound ligg på vegen for trekket til grønlandskval.[6]

  1. «Marble Island, experience the mystery». marbleisland.ca. Henta 9. april 2008. 
  2. «Roes Welcome Sound». The Columbia Gazetteer of North America. Arkivert frå originalen 10. mai 2005. Henta 9. april 2008. 
  3. «Thomas James and Luke Foxe». princeton.edu. Henta 9. april 2008. 
  4. «JSTOR: The History of American Ornithology before Audubon». Henta 9. april 2008. 
  5. Smucker, Samuel Mosheim; Allison, W.L. (1886). Arctic explorations and discoveries during the nineteenth century. Being detailed accounts of the several expeditions to the north seas, both English and American, conducted by Ross, Parry, Back, Franklin, M'Clure, Dr. Kane, and others, including the long and fruitless efforts and failures in search of Sir John Franklin. Ed. and completed to 1855. New York: J.W. Lovell. OCLC 1580359. «Roe's welcome.» 
  6. Ross, W.G. (1974). «Distribution, Migration, and Depletion of Bowhead Whales in Hudson Bay, 1860 to 1915». Arctic and Alpine Research (JSTOR) 6 (1): 85–98. JSTOR 1550373. doi:10.2307/1550373.