Ei rogenmorene er eit subglasialt (skapt under ein isbre) morenelandskap,[1] som ein hovudsakleg finn i Skandinavia,[1]Skottland,[2]Irland[3] og Canada.[1][4] Dei dekkjer store område som har vore dekte av is og hovudsakleg berre i område ein trur var sentrale område av iskappa.[3] Rogenmorener er kalla opp etter Rogensjøen[5] i Härjedalen i Sverige, som er typelokaliteten for landforma.
Landforma skjer i grupper som ofte ligg nært kvarandre med jamne mellomrom.[1] dei består av morenar med morenejord.[1] Dei individuelle morenane er store, bølgjete ryggar som er orientert på tvers av rørsla til isen.[3] Ein finn ofte drumlinar nær rogenmorenar, og ein trur desse vart skapt på same tid som rogenmorenane.[1] Sjølv om storleiken til rogenmorenane varierer stort,[3] er dei vanlegvis kring 10-30 meter høge, 150-300 meter breie og 300-1200 meter lange.[1]
↑Finlayson, A. G. & Bradwell, T., 2008. Morphological characteristics, formation and glaciological significance of Rogen moraine in northern Scotland. Geomorphology, 101:607-617
↑ 3,03,13,23,3Dunlop, P. & Clark, C. D., 2006. The morphological characteristics of ribbed moraine. Quaternary Science Reviews, 25:1668-1691
↑Marich, A., Batterson, M. & Bell, T., 2005. The morphology and sedimentological analyses of Rogen moraines, central Avalon Peninsula, Newfoundland. Current Research, Newfoundland and Labrador Department of Natural Resources, Geological Survey, Report, 05-1:1-14
↑Möller, P., 2006. Rogen moraine: an example of glacial re-shaping of pre-existing landforms. Quaternary Science Reviews, 25:362-389