Roger Ball | |||
Fødd | 4. juni 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | saksofon, altsaksofon, Klaviatur | ||
Verka som | låtskrivar |
Roger Ball (fødd 4. juni 1944) er ein skotsk saksofonist, klaverspelar, låtskrivar og arrangør. Han er opphavleg medlem i Average White Band (AWB), som han var med å skipe i 1971.
I tillegg til medlem av AWB, har Ball vore studiomusikar for ei rekkje artistar, som Vinegar Joe, Badfinger, Kiki Dee og Elton John, Mama Cass, Bryan Ferry, Roxy Music og andre. Han har stått på scenen med Chaka Khan og Marvin Gaye. Som arrangør med AWB skreiv og spelte han med Michael og Randy Brecker.
I 1995 gav han ut det første soloalbumet sitt, Street Struttin' og i 2005 Childsplay.