Rogla | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Rogla 46°27′09″N 15°20′01″E / 46.4525°N 15.333611°E | |||
Wikimedia Commons: Rogla |
Rogla er eit fjell og ein feriestad i Zreško Pohorje, nord i Slovenia.
Turismen starta i Zreško Pohorje før den andre verdskrigen. Det første observasjonstårnet vart bygd på Rogla i 1934. Dei første turistbygningane her vart brende ned under krigen. Koča-hytta på Rogla vart gjenoppbygd i 1956. I 1970-åra vart den første skiheisen bygd her. Den kunne då ta 900 personar per time. Vidare vart det bygd hotell i Zreče og på Rogla i 1978, og i 1980 kom fleire skiheisar, og utover 1980-åra fleire hotell.
I 1990-åra var det over 1200 sengeplassar ved Rogla og skiheisar som kunne frakte 12 200 personar per time. I dag er Rogla eit av skisentra i Slovenia med lengst skisesong med til saman 13 løyper.