Rolf Åge Berg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. april 1957 (67 år) Stjørdal kommune |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1984 |
Rolf Åge Berg (fødd 14. april 1957) i Stjørdal er ein tidlegare skihoppar og hopptrenar frå Vassbygda i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Han representerte Idrettslaget Stjørdals-Blink og treningsgruppa Trønderhopp.
Berg var med på det norske hopplandslaget frå 1983, og debuterte i verdscupen den 30. desember 1983. Han vann NM i stor bakke i 1984, og kom på 2. plass i normalbakken. Berg kom på 5. plass i normal bakke under vinter-OL 1984 i Sarajevo.
1986-sesongen vart hans beste og hans siste som skihoppar. Han kom på tredjeplass i Bischofshofen under den tysk-austerrikske hoppveka den 6. januar 1986, og vart nummer fem samanlagt i hoppveka. 19. februar vann han verdscuprennet i St. Moritz i Sveits, hans einaste verdscupsiger. Under NM i 1986 vann han sølvmedaljen i både stor bakke og normal bakke.
Under VM i skiflyging 1986 i Kulm mista Berg kontrollen over skia etter sterkt luftpress ovanfrå. Han vart frakta til sjukehus med hjerneskaking, skamslått skulder og brot på korsbandet i det venstre kneet.[1][2] Etter fallet vart han erklært 12 prosent invalid, og slutta som aktiv skihoppar.[1][2] Trass i at han ikkje kunne fullføre sesongen, vart han nummer åtte i den totale verdscupen.
Berg har seinare vore trenar, jamnast i Trønderhopp, men også trenar for mellom andre Espen Bredesen og Vegard Sklett, samt landslagstrenar i midten av 1990-åra.[3]