Rolling Stone Singel av Suzi Quatro | ||
B-side |
Brain Confusion (For All the Lonely People) | |
---|---|---|
Utgjeve | 1972 | |
Sjanger | rock | |
Selskap | RAK | |
Låtskrivar(ar) |
| |
Produsent | Mickie Most | |
Suzi Quatro-kronologi | ||
Rolling Stone | «Can the Can» (1973)
|
«Rolling Stone» er debutsingelen til Suzi Quatro som soloartist, gjeven ut i 1972. Namnet hennar vart feilstava Susie Quatro på det første trykket. Singelen vart ikkje ein suksess, utanom i Portugal, der han gjekk til topps på singellista.[1]
Det var den første solosingelen til Qustro og kom ut etter ho flytta frå USA til Storbritannia. I USA hadde ho alt gjeve ut to singlar med kvinnegruppa The Pleasure Seekers.[2]
B-side, «Brain Confusion (For All the Lonely People)», var skriven av Quatro og vart opphavleg spelt inn medan ho var ein del av The Pleasure Seekers.[3] The Pleasure Seekers vart til Cradle. Då Mickie Most såg Quatro framføre songen med Cradle valde han å signere ho som soloartist. Versjonen av songen på denne singelen er ei nyinnspeling med Quatro og studiomusikarar.[4]
Songen «Rolling Stone» vart opphavleg skriven av Phil Dennys, som laga arrangement for bandet Jade. Teksten vart omskriven av Hot Chocolate-frontmannen Errol Brown (og Quatro sjølv, men det var ikkje oppført) slik at dei passa betre for Quatro.[1]