Norske romanifolk kan delast inn i to hovudgrupper ut frå geografi, språk og kultur – tavringar (tatrar, storvandriar) i aust og småvandriar (splintar, fantar) i vest.
Tavringane, òg kalla storvandriar, tatrar og stundom fantar, høyrer først og fremst heime på Austlandet, i Trøndelag og i vestlege delar av Sverige. Det tradisjonelle språket åt tavringane er romani rakripa.
Småvandriar, òg kalla splintar eller fantar, høyrer hovudsakleg heime på Sør- og Vestlandet. Språket deira blir kalla rotipa (rodi, rotvelsk) og inneheld mellom anna fleire skandinaviske ord enn romani rakripa. Leveviset åt småvandriane er tradisjonelt mykje knytt til sjøvegen.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.(2024)