Ronny Deila

Ronny Deila
Personleg informasjon
Fødd 21. september 1975 (49 år)
Fødestad Porsgrunn
Posisjon Forsvar (lagt opp)
Ungdomsklubbar
Urædd
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
–1992
1993–2004
2005
2006–2008
2009–2011
Urædd
Odd Grenland
Viking
Strømsgodset
Sparta/Bragerøen
? (?)
240 (22)
23 (0)
46 (6)
30 (4)
Landslag
Norge U17
Norge U18
Norge U21
9 (0)
3 (0)
2 (0)
Trenar for
2005
2006–2007
2008–
IL Brodd
Strømsgodset (Assisterende)
Strømsgodset
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Ronny Deila (fødd 21. september 1975) er ein norsk fotballtrenar. Han er trenar for New York City FC (2020).[1]

Deila vart 14. januar 2008 presentert som hovudtrenar for Strømsgodset.[2] Han er tidlegare forsvarsspelar og var i tillegg assistent under trener Dag-Eilev Fagermo i perioden 2006 – slutten av 2007. Deila har òg trent Brodd I.L frå Stavanger. Då Fagermo forsvann til Odd som trenar i slutten av 2007, tok Ronny Deila over som hovudtrenar i Strømsgodset.

Deila har tidlegare spelt for Urædd, Odd Grenland (1993–2004), Viking (2005) og Strømsgodset (2005–2008). Han vart cupmeister for Odd i 2000. Deila gjorde comeback på fotballbanen då han i mai 2009 signerte kontrakt med 3. divisjonsklubben Sparta/Bragerøen.[3]

Ronny Deila har i ung alder hatt fleire sesongar som hovudtrenar for Strømsgodset. Strømsgodset har vunne eit cupmeisterskap og hatt gode plasseringar i Tippeligaen under Deila, mellom anna sølv i Tippeligaen 2012.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]