Rosh Tzurim | |||
landsby | |||
Region | Vestbreidda | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Koordinatar | 31°40′1.49″N 35°7′32.5″E / 31.6670806°N 35.125694°E | ||
Folketal | 730 (2011) | ||
Grunnlagd | 1969 | ||
• Grunnlagd av | Bnei Akiva religiøse speidarar og Nahal | ||
Tilhøyrsle | Den religiøse kibbutzrørsla | ||
Rosh Tzurim 31°40′01″N 35°07′32″E / 31.667080555556°N 35.125694444444°E | |||
Kart som viser Rosh Tzurim.
| |||
Wikimedia Commons: Rosh Tzurim |
Rosh Tzurim (hebraisk skrift רֹאשׁ צוּרִים, tyder Toppen av berga) er ei israelsk busetjing og ein religiøs kibbutz på den okkuperte Vestbreidda, grunnlagd i 1969. Han ligg kring 20 km sør for Jerusalem, 3,9 km aust for Den grøne linja, på innsida av den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda. Han er eit medlem av Den religiøse kibbutzrørsla og er underlagt Gush Etzion regionale kommune. I 2011 hadde han 730 innbyggjarar.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]
Busetjinga vart grunnlagd i 1969 av medlemmar av Bnei Akiva religiøse speidarar og Nahal-soldatar. Namnet kjem frå bibelverset «g ser han frå toppen av berga, frå høgdene skodar eg han» (4. Mos 23:9).[2]
Rosh Tzurim ligg der der Beth Zechariah låg i antikken og på ein åstopp der Ein Tzurim tidlegare låg. Denne vart øydelagd under den arabisk-israelske krigen i 1948 av den arabiske legionen frå Jordan og seinare oppretta på ny i Lakhish-området.
Rosh Tzurim er i dag privatisert.[3]