Ruhama | |||
רֻחָמָה, רוחמה | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Sha'ar HaNegev | ||
Koordinatar | 31°29′48.04″N 34°42′20.3″E / 31.4966778°N 34.705639°E | ||
Folketal | 577 (2015) | ||
Grunnlagd | 1911 (original busetjing) 1944 (dagens busetjing) | ||
• Grunnlagd av | Hashomer Hatzair-medlemmar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Ruhama 31°29′48″N 34°42′20″E / 31.496677777778°N 34.705638888889°E | |||
Kart som viser Ruhama.
| |||
Wikimedia Commons: Ruhama |
Ruhama (hebraisk skrift רֻחָמָה, tyder «Miskunn») er ein kibbutz i Negevørkenen sør i Israel. Den opphavlege busetjinga vart grunnlagd i 1911, og vert rekna som den første moderne, jødiske busetjinga i Negev.[1]
Han ligg kring ti kilometer aust for Sderot og er omgjeve av eit naturreservat i Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2006 hadde han 399 innbyggjarar.
Ruhama vart først grunnlagd i 1911, på land som var kjøpt same året av «Leivningar av Israel» (hebraisk skrift שארית ישראל), som vart starta av russiske jødar i Moskva, leia av Simon Velikovskij, far til Immanuel Velikovskij,[2] for å investere pengar i jødiske jordbrukssamfunn. Namnet kjem frå den bibelske boka Hosea, vers 1:6[3] og frå verset: «Eg vil så henne ut i landet mitt og miskunna meg over Lo Ruhamá. Til Lo Ammí vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!» (Hos. 2:23)».[4] Det vart grave ein artesisk brunn i 1912, og ein fann rikeleg med vatn på ei djupne 50 meter under bakken.»[2] Gruppa inkluderte òg medlemmar av den sosialistiske sionist-rørsla Hashomer Hatzair. Men dei første nybyggjarane vart drivne ut av Det osmanske riket i 1917. Ein forfallen museumsbygning er alt som er att etter den opphavlege busetnaden.[1]
Den artesiske brunnen gjorde at dei allierte styrkane under general Allenby valde Ruhama som hovudkvarter då den britiske hæren og den jødisk-amerikanske legionen erobra Palestina.[2]
HaShomer brukte Ruhama som sin base langs Gaza-Beersheva-linja.[5]
To forsøk på å gjenopprette busetnaden under Det britiske mandatet vart hindra av arabiske opprør i 1929 og 1936. Kibbutzen vart til slutt grunnlagd på ny med suksess i 1944 og voks til eit folketal på 399.
Filmen Sweet Mud (2006) vart filma i Ruhama og Nir Eliyahu.[6]