Rörstrand er omtalt alt på 1200-talet, då Magnus Ladulås gav eigedomen til Klara kloster. I 1527, under Gustav Vasa, vart området tatt under krona. Området vart kalla «Rörstrand» etter vassrøyra som voks ved Klarasjön.
I 1726 vart det lagt ein porselensfabrikk ved slottet Rörstrand. Fabrikken hadde fått privilegium til å framstille ekte porselen, men fajanse var det einaste som kom til å bli produsert fram til 1770-talet. I 1758 tok Marieberg til å framstille frittporselen, men produksjonskostnadene vart høge, marknaden liten og kvaliteten i høve til det utanlandske godset låg. Rörstrand prøvde derfor aldri å kopiere godset frå Marieberg.
På 1770-talet tok ein likevel til med eigen produksjon av det engelske flintgodset. Det tok tid for Rörstrand lukkast i å utvikle teknikken til framstille i det nye godset. Etter at Marieberg vart lagt ned i 1785 var Rörstrand den einaste større svenske porselensfabrikanten, og den tekniske utviklinga vart ikkje prioritert. Først då Gustafsberg vart grunnlagt i 1825 skaut produksjonen av moderne, trykte servise i flintgods fart. På 1860-talet var Rörstrands porslinsfabrik ein av dei største industriverksemdene i Sverige. I 1900 hadde han rundt 1 100 tilsette. Produkt frå fabrikken hadde verdsry og gjorde suksess på ulike kunst- og industriutstillingar.
Utbygginga av Stockholm gjorde at området trongst til bustader. Fabrikken vart stengd og riven i 1926, tilverkinga vart flytta først til Göteborg der ein hadde kjøpt Göteborgs porslinsfabrik og seinare, på 1930-talet, til Lidköping.
Dei noverande eigarane Iittala (2009) flytta produksjonen til Sri Lanka og Ungarn. 30. desember 2005 blei fabrikken i Lidköping stengd, og ein nesten 280-årig svensk industrihistorie ende. Den tidlegare porselensfabrikken er i dag fylt med nye verksemder under namnet Rörstrand Center .
Det var først på 1800-talet at ein kan tale om servise i eigentleg tyding. Alt frå dei første åra gjekk det å bestille større bordoppsettingar i same dekor, men det meste var bestillingsvarer og noko namngjeve servise fanst ikkje.
Då dei trykte dekorane for masseprodukskon dukka opp - det første eigentlege matserviset er frå 1826 - var dei alle namnlause. Ved midten av 1800-talet tok dei i bruk skildrande namn som «Turkiskt mönster» i katalogane, men først på slutten av 1800-talet fekk ein verkelege namn på servisa. Unnataket er vel «Willow», som hadde fått sitt namn og rykte alt i England - Rörstrand tilverka ein variant av denne dekoren i perioden ca. 1830-1888.
«Lila spetsmønsteret» var ein av 1800-talets absolutt mest populære servise og vart laga til langt inn på 1900-talet (ca. 1845-1934). Ved hundreårsskiftet vart det skapt ei rekke servise som sidan var ein del av sortimentet i nærare 50 år, som «Bella» og «Vineta».
Eit anna servise som fekk lang levetid var serviset «Grön Anna» (som i ein eldre variant heiter «Gröna Anna»). Fram til 1926 var det produsert av Göteborgs porslinsfabrik. Den lengste levetida av alle fekk «Lila spetsmönstret» som vart tilverka frå ca. 1845 og fram til 1934. «Ostindia» er eit eksempel på ein av fabrikkens populære dekorar frå den seinare tid.
Ankarberg, Carl-Henrik; Nyström Bengt: Rörstrand i Stockholm: tegelbruk, fajansmanufaktur och keramisk storindustri 1270-1926, Stockholmia, Stockholm 2007, Monografier utgivna av Stockholms stad, 0282-5899 ; 184 (swe). ISBN 978-91-7031-184-0 (inb.). Libris10468157.
Bæckström, Arvid: Arbets- och disciplinförhållanden vid Rörstrands porslinsfabrik under 1700-talet, Tekniska museet, [Stockholm 1934 (swe). Libris10353271.
Bæckström, Arvid: En s. k. Cadogan-kanna från Rörstrands barndom, Göteborg 1951 (swe). Libris10553574.
Bæckström, Arvid: Några keramiska meddelanden: ännu en Cadogan-kanna, Göteborg 1953 (swe). Libris10553585.
Candr'eus, Cecilia: "...nya material och lätthanterliga produkter...": om AB Gustavsbergs Fabrikers tillverkning av hushållsplaster 1945-1970, Konstvetenskapliga institutionen Uppsala universitet, Uppsala 1998 (swe). Libris10145021.
Scherman, Susanna, 1964-; Perlmutter Michael: Den svenska kakelugnen: 1700-talets tillverkning från Marieberg och Rörstrand, Wahlström & Widstrand, Stockholm 2007 (swe). ISBN 978-91-46-21687-2 (inb.). Libris10415873.
Stråle, Gustaf Holdo: Rörstrand och Marieberg: ett bidrag till den svenska keramikens historia uti 18:e årh., förf., Stockholm 1870 (swe). Libris1585292.
Stråle, Gustaf Holdo: Rörstrands historia och tillverkningar 1726-1850., Stockholm 1879, Rörstrands samling af fajans och porslin ; 1 (swe). Libris1610727.
Terriner från förr och nu: Rörstrand Sweden 260 år, 1986 (swe). Libris3264927.