Rønnaug Kleiva
|
|
Nasjonalitet |
Norsk
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
30. november 1951 (73 år)
|
Yrke |
Forfattar
|
Periode |
1985-
|
Debut |
Animasjon
|
Rønnaug Kleiva (fødd 30. november 1951)[1] er ein norsk forfattar og dramatikar fødd på Vartdal på Sunnmøre.
Ho debuterte med diktsamlinga Animasjon i 1985 og har sidan gitt ut 29 bøker i ymse sjangrar for vaksne og barn. Ho er representert i ei rekke antologiar og norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Bøkene hennar er omsette til gresk, dansk, svensk, serbisk og russisk. Ho er også representert i antologiar på tysk, bosnisk og tsjekkisk.
Kleiva var festspeldiktar ved Vinterfestspillene i Bergstaden i 2001 og har motteke fleire prisar for bøkene sine. For boka Ikkje gløym å klappe katten fekk ho både Kritikarprisen for barnebøker og Kulturdepartements barnelitteraturpris i 1997. Rønnaug Kleiva var og festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela i 2010.
Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskule, idrett grunnfag og norsk mellomfag og har arbeidd som lærar i 15 år. Ho har også teke forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark i Bø.
- Animasjon – diktsamling – Samlaget, 1985
- Å fø fram ein kalv over vinteren – prosatekstar – Samlaget, 1986
- Fuglane kor dei flyg – barnebok – Illustrert av Kari Bøge, Samlaget, 1988
- Kven sin dag er dette? – barnebok – Illustrert av Alf-Kaare Berg, Samlaget, 1989
- Balansepunkt – prosalyrikk – Samlaget, 1990
- Plutseleg no – ungdomsroman – Samlaget, 1990
- Ein underleg vinter – biletbok – Illustrert av Malgorzata Piotrowska]], Samlaget, 1991
- Einmannsbåten – barnebok – Samlaget, 1993
- Eg greier meg – barnebok –Illustrert av Las Elling, Samlaget, 1994
- I ovnen er lammet – diktsamling –Illustrert av Arne Nøst, Cappelen, 1995
- Greske gudar og gudinner – fagbok – Samlaget, 1996
- Ikkje gløym å klappe katten – barnebok – Illustrert av Inger Lise Belsvik,Samlaget, 1997
- Som før – Labyrinter, 1998
- Kjærleik på pinne frå Ouagadougou – barnebok – Samlaget, 1999
- Kvinner med fingermanualar – skodespel – Solum, 2001
- Fangeteneste – novellesamling – Samlaget, 2001
- Om dagen kan ein flyge – biletbok – Illustrert av Akin Düzakin, Samlaget, 2001
- Ingen reell fare – roman – Samlaget, 2003, 2004
- Ein ettermiddag – dramatikk – Solum, 2004
- La oss krysse Nilen – prosa – Samlaget, 2005
- Eg rømmer – biletbok – Illustrert av Inger Lise Belsvik, Samlaget, 2005
- Andre sida av Paris – ungdomsroman – Samlaget, 2007
- Ikkje for varmt, ikkje for kaldt – novellesamling – Samlaget, 2008
- Vegen heim frå Sarajevo – ungdomsroman –Samlaget, 2009
- Notat vedrørande kjærleik – noveller – Samlaget, 2010
- Armenia, Albania, Argentina – roman – Samlaget, 2012
- Båtar på vatnet. Etter beleiringa. Så hyggeleg (Dramatikk), 2015
- Western Desert (Noveller for voksne), 2017
- Liljene på stranda (Voksenroman), 2019
- Vinden og kattane (Ungdomsroman, Samlaget, 2021)