Sølvi Sogner | |||
Fødd | 15. mars 1932 Trondheim | ||
---|---|---|---|
Død | 23. mars 2017 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | historical demography | ||
Yrke | historikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Academia Europaea |
Sølvi (Bauge) Sogner (15. mars 1932–23. mars 2017) var ein norsk historikar. Det meste av forskinga hennar dreidde seg om familiehistorie, historisk demografi og kvinnehistorie i tidleg moderne tid (1600/1700-talet).
Sogner var fødd i Trondheim. Ho vart universitetslektor i 1975 og dr.philos. i 1976. Ho var førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo 1974, og professor frå 1988.
Sogner vart inspirert til å forska på folkesetnadshistorie av den franske demografen Louis Henry i 1960.[1] Ho tok i bruk Henry sin familierekonstitusjonsmetode på norske kjelder frå Rendalen i doktorgradsavhandlinga si.
Sogner fann ut at utvandringsbølgja frå Noreg til USA tidleg på 1900-talet langt frå var første store utvandrarbølge frå Noreg. På 1600-talet var det ei tilsvarande særs stor utvandrerbølge, spesielt frå Sørvestlandet, til Nederland.