Saale-istida er namnet på den nest sist istida i Nord-Europa. Ho varte frå om lag 240 000 år sidan til 130 000 år sidan. Etter Saale-istida følgde mellomistida Eem og så weichsel-istida. Andre namn på istida er wolston-istida, warthe-istida og riss-istida.
I Noreg er det spor etter ei djuptliggande morene frå slutten av saale-istida ved Fjøsanger i Bergen.