Sad Angel Singel av Fleetwood Mac frå albumet Extended Play | ||
Utgjeve | April 2013 | |
Innspelt | 2013 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 4:03 | |
Selskap | LMJS produksjons | |
Låtskrivar(ar) | Lindsey Buckingham | |
---|---|---|
Produsent | Lindsey Buckingham, Mitchell Froom | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«Say You Will» (2003) |
Sad Angel |
|
«Sad Angel» er ein song av Fleetwood Mac, skriven av gitaristen og vokalisten Lindsey Buckingham. Songen vart gjeven ut i 2013 på EPen Extended Play. Det var den einaste singelen frå EPen og nådde 125. plassen på singellista i Storbritannia.[1]
«Sad Angel» var i lag med ein annan song av Buckingham, «Miss Fantasy», ment for utgjeving før verdsturneen deira i 2013 starta. Dette skjedde ikkje og han vart i staden gjeven ut på Extended Play.[2]