Sadlermiutfolk (inuktitut sadlermiut, også sagdlirmiut[1][2] eller sallirmiut med moderne staving, frå Sadlerk,[3] no Salliq, inuktitutnamnet for busetnaden Coral Harbour) var ei inuittisk folkegruppe som budde nesten heilt isolert på og rundt Coatsøya, Walrusøya og Southamptonøya i Hudsonbukta.[4] Gruppa døydde ut ved byrjinga av 1900-talet etter å ha blitt svekka av sjukdommar innførte av europearar. Ein trudde lenge at dei var dei siste etterkomarane etter Dorsetkulturen,[5] ettersom dei hadde ein kultur og ei språkform som skilde seg frå dei til inuittar på fastlandet. Sjølv om den lokale kulturen og skikkane deira ser ut til å ha hatt element frå både Dorset- og Thule-kulturane,[6] har ikkje genetiske studiar vist noko blanding med dorsetfolk, og har berre vist inuittisk avstamming. Dette har leia mange til å meina at dei kulturelle skilnadane ganske enkelt kan stamma frå isoleringa deira frå fastlands-inuittar.[7] Ein studie gjeven ut i 2015 kom fram til at sadlermiutfolk genetisk sett stamma frå thulefolk som på eit eller anna vis hadde skaffa seg kulturelle trekk frå dorsetkulturen, til dømes steinteknologi. Det er ikkje blitt kjend korleis dei fekk denne dorsetkulturen i mangel av tydelege teikn på genetisk blanding mellom dei to gruppene.[8]
I 1824 sette «HMS Griper» under kaptein George Francis Lyon anker utanfor Cape Pembroke på Coats Island i Hudsonbukta. Mannskapet kom i kontakt med ei gruppe folk som skal ha snakka ein «underleg dialekt» og blei kalla sadlermiut.[9]
Sadlermiutfolk fortsette å ha kontakt med europearar. Som mange andre amerikanske urfolk var dei utsette for vestlege infeksjonssjukdommar, som dei hadde opparbeidd lite eller ingen motstand mot. I 1896 var det berre 70 att av gruppa. Hausten 1902 stoppa eit britisk handels- og kvalfangstskip,[10] «Active» ved Cape Low[11] på Southamptonøta. Sadlermiutar skal ha blitt smitta av ein sjukdom, kanskje influensa,[12] tyfoidfeber eller flekktyfus, frå ein sjuk sjømann om bord på skipet, som så spreidde seg til heile gruppa.[6][9] Vinteren 1902-03 var alle sadlermiutane døde bortsett frå ei kvinne og fire barn.[4][10]
I 1954 og 1955 studerte Henry B. Collins frå Smithsonian Institution ruinar etter inuittiske hus i kanadiske Arktis.[13] Han kom fram til at ruinane på Native Point var typiske for sadlermiutkulturen, som ein gong hadde hatt ei ganske stor utbreiing. Han fann også prov som tyda på at sadlermiutar var dei siste etterkomarane etter dorsetkulturen.[14]
Genetiske studiar har ikkje funne noko prov på direkte avstamming frå dorsetfolk, men det finst prov som tyder på at begge gruppene hadde eit felles, tidlegare opphav frå Sibir.[15][16]
Sadlermiutfolka levde av jakt og sanking, med hovudvekt på fiske og jakt på rein. Dei jakta også på sel, isbjørn og kvalross.[17] Til skilnad frå inuittar på fastlandet skal sadlermiutane ha hatt lite interesse for kvalfangst og snarefangst, og var dermed mindre nyttige for handelsfolk som vitja Coral Harbour.[4][18] I tillegg heldt sadlermiutane seg ofte påpasseleg unna handelsfolka, utforskarar og aivilingmiutfolk.[19] Dette kan dels ha vore på grunn av historiske konfliktar med aivilingmiutane, som ville ha tilgang til Southamptonøya på grunn av det store potensialet for kvalfangst, og denefolk som drog nordover om sommaren på jakt etter rein.[18]
Det er ikkje kjent kva språk sadlermiutane snakka, men det verker som om det var ganske ulikt det til naboane deira på fastlandet.[20] Naboinuittar fortalde at dei snakka «barnespråk», men det er uklart om dette viste til at dei snakka eit særmerkt inuittisk språk, eller om dei brukte pidgin-inuktitut som kontaktspråk.[21]
Ved andre halvdelen av 1800-talet var talet på sadlermiutfolk over 200. Men så auka kontakten med utanforståande, og ulike sjukdommar forårsaka ein kraftig nedgang i folketalet. Folkegruppa blei utsletta i 1902-03, som eit resultat av ein epidemi som spreidde seg i samfunnet frå kvalfangstskipet «Active». Av den totale befolkninga på 58 var det berre 5 overlevande, ei vaksen kvinne og 4 barn. Dei overlevande blei deretter evakuerte til Naujaat. Av denne gruppa var berre to barn att i live i 1908, og dei hadde ikkje noko minne om sadlermiutskikkane.[22]
Ein genetisk studie publisert i Science i august 2014 tok for seg leiviningar etter 10 sadlermiutfolk gravlagde mellom ca. 1500 og 1900. Dei 8 prøvane av mtDNA som blei henta ut blei funne å høyra til haplogruppene A2b (7 prøvar) og D3a2a.[23] Desse haplogruppene er typiske for thulefolk og inuittar, noko som tyder på at sadlermiutane stamma frå thulefolk.[23] Ein fann at thulefolket stamma frå den sibirske birnirkkulturen, og hadde erstatta dorsetfolkekt fullstendig rundt år 1300 .[23][24]