Samuel Manthey | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. august 1774 Glückstadt |
Død | |
Yrke | sorenskrivar, politikar, dommar |
Språk | norsk |
Samuel William Manthey (25. august 1774–13. juli 1815) var ein norsk offiser, embetsmann og stortingsmann. Han var far til August Christian Manthey.
Manthey var fødd i Glückstadt, faren var prest. Sjølv vart han løytnant i artilleriet i 1793, tok avskjed frå det militære i 1801 som kaptein. Han vart student i 1798 og cand. jur. i 1800. 1802 var han guvernementsekretær i Vestindia, frå 1803 sorenskrivar i Karmsund. 1808-15 var han sorenskrivar i Rakkestad, i 1815 utnemnd til byfut i Larvik og sorenskrivar i Larvik grevskap.
Manthey vart innvald på det overordentlege Stortinget i 1814, som 3. representant for dei 14 okkuperte prestegjelda i Smaalenenes amt. Valet vart godkjent med 59 røyster mot 14. Han var medlem av Lagtinget.
24. april 1815 vart Manthey, saman med kaptein Thorne og sorenskrivar Winsnes, oppnemnd til å granske forsvinninga og det sannsynlege mordet på grosseraren Hans Gude på herregarden Thorsø i Borge i Østfold.
Manthey døydde brått på eit skysskifte i Østfold 13. juli 1815, etter å ha drukke eit glas vatn.