Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 oppført i skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablusliwa. Han hadde då eit folketal på seks hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og bikubar.[4]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og noterte 40 hus, somme i betre stand enn andre. Steinhusa var både raude og kvite. Fleire gamle cisterner hogde ut i berget, gav vatn til innbyggjarane.[5] I «Survey of Western Palestina» i 1882, vart Serta skildra som ein liten steinlandsby.[6]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Sarta eit folketal på 275 muslimar og ein jøde,[7] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 76 busette hus og eit folketal på 317, alle muslimar.[8] I 1945 var folketalet 420 arabarar, medan det samla landarealet var 5 584 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 1 858 for plantasjar og irrigert land, 766 for korn,[10] medan 23 mål var klassifisert som utbygde område.[11]
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 61
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 107
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 158