«Scared of Heights» Song av Hera Björk | ||
![]() | ||
Land | Island | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 28. januar 2024 | |
Lengd | 03:02 | |
Selskap | Alda | |
Låtskrivar(ar) | Ferras Alqaisi, Ásdís María Viðarsdóttir, Jaro Omar, Michael Burek |
---|
«Scared of Heights» (norsk omsetjing 'redd for høgder'), islandsk tittel «Við förum hærra», er ein song frå 2024 av den islandske artisten Hera Björk. Songen blei gjeven ut 28. januar 2024 og vant den islandske songtevlinga Söngvakeppnin 2024. Gjennom sigeren blei han det islandske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[1]
«Scared of Heights» er skriven av Ferras Alqaisi, Ásdís María Viðarsdóttir, Jaro Omar og Michael Burek.[2][3][4]
Hausten 2023 sende dei inn songen til den islandske songtevlinga Söngvakeppnin 2024 i regi av den islandske ålmennkringkastaren RÚV. Vinnaren fekk representere Island i Eurovision Song Contest 2024.
Låten blei plukka ut til å delta i Söngvakeppnin 2024, og i tråd med tevlingsreglane måtte låten bli framført på islandsk i semifinalen og sidan på valfritt språk i ein eventuell finale. Den islandske versjonen heiter «Við förum hærra» ('vi går høgare') og blei offentleggjord 27. januar saman med dei andre deltakarbidraga.[5] Låten kvalifiserte seg frå semifinalen og blei framført på engelsk i finalen laurdag 2. mars 2024.[6] I finalen vann «Scared of Heights» telefonavrøystinga og vann Söngvakeppnin 2024. Sjølv om 2024-utgaven av Söngvakeppnin ikkje direkte var ei nasjonal utveljing til Eurovision Song Contest, takka Björk ja til å representere Island i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö med «Scared of Heights».[7][8][9]
Björk framførte «Scared of Heights» i den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2024.[10] Bidraget enda på sisteplass i semifinalen, og tok seg dimed ikkje vidare til finalen.[11]