Scott Asheton | |||
| |||
Fødd | 16. august 1949 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Washington, D.C. i USA | ||
Død | 15. mars 2014 (64 år) | ||
Dødsstad | Ann Arbor | ||
Alias | «Rock Action» | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1967 til 2014 | ||
Sjanger | Protopunk, garage rock, hardrock, psykedelisk rock, punkrock, Detroit rock | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | The Stooges, Sonic's Rendezvous Band, Iggy Pop, Sonny Vincent, Destroy All Monsters, Dark Carnival | ||
Plateselskap | Elektra, Columbia, Virgin | ||
Verka som | Musikar, trommeslagar |
Scott «Rock Action» Asheton (16. august 1949–15. mars 2014)[1] var ein amerikansk trommeslagar, mest kjend frå rockebandet The Stooges. I tillegg til Iggy Pop var Asheton det einaste medlemmet som var med i the Stooges heile vegen.
Asheton var med på å starte The Stooges i 1967 i lag med den eldre broren Ron, Iggy Pop og Dave Alexander. Dei spelte inn to album, før besetninga endra og dei gav ut Raw Power i 1973. Bandet vart oppløyst året etter.
Scott Asheton var ein av få medlemmar frå bandet som spelte med Iggy Pop som soloartist, noko han gjorde under ein europaturne i 1978.[2] Asheton spelte òg trommer med Scott Morgan i fleire band, som Scott Morgan Band, Scots Pirates, og mest kjend Sonic's Rendezvous Band.[3] Han spelte så trommer i ei sein utgåve av Destroy All Monsters, under namnet Dark Carnival.[4] Han har òg spelt mykje med Sonny Vincent, og spelte trommer på fire studioalbum med Captain Sensible på bass.
The Stooges vart samla att i 2003, og han var aktiv i bandet til han døydde i 2014, 64 år gamal.