Seadrill Ltd. | |||
| |||
Org.form | Limited Corporation | ||
---|---|---|---|
Bransje | Petroleum | ||
Skipa | 2005 | ||
Hovudkontor | Stavanger | ||
Land | Noreg / Bermuda | ||
Produkt | Boreriggar | ||
Tilsette | 7 000[1] | ||
Nettstad | http://www.seadrill.com |
SeaDrill (OSE: SDRL) er eit føretak eigd av skipsreiaren John Fredriksen. Selskapet er registrert på Bermuda.
SeaDrill vart oppretta i 2005 for å driva Frediksen si satsing på flytande oljeriggar. Til å byrje med hadde føretaket tre eldre jekk-opp boreriggar og ein opsjon på å kjøpe to flytande produksjonsskip frå Fredriksen-føretaket Aktiv Kapital. I mai 2005 kjøpte SeaDrill 32,5% av aksjane i det indonesiske rigg-føretaket PT Apexindo for US $ 45,9 mill. I juni 2005 kjøpte SeaDrill føretaket Odfjell Invest for 1,36 mrd kroner frå Odjfell-familien. I same månad prøvde SeaDrill også å kjøpe Petrojack. Tilbodet vart endå avvist som for lågt, og SeaDrill enda med å selje aksjeposten på 7%. Vidare i juni gjorde morføretaket til SeaDrill, Seatankers Management Co. Ltd., ei EPC-avtale med SembCorp sitt Jurong-verft om levering av to F&G ExD riggar i 2008. Avtala hadde ein verdi på US $ 780 millionar; den største nybyggingsavtala for verftet nokon sinne.[2] Før jula 2005 kjøpte amerikanske Noble Drilling seg opp til 39,5% av aksjane i Smedvig ASA, og ein venta at dei kunne gje bod på heile føretaket. Kort tid etter kjøpte SeaDrill nok aksjar til å kunne blokkere eit oppkjøp. Seint i januar 2006, vart det kjend at SeaDrill hadde kjøpt meir enn halvdelen av aksjane i Smedvig ASA, og slik fekk kontroll over føretaket. Smedvig vart verdsett til NOK 15 milliardar. SeaDrill kjøpte i laupet av våren 2006 resten av aksjane i Smedvig, og 1. juni 2006 vart selskapa fusjonert under namnet SeaDrill. I februar 2006 kjøpte SeaDrill også Mosvold Drilling for 2,5 mrd kroner. Styret meinte prisen var for låg, men SeaDrill klarte å kjøpe meir enn 50% av aksjane, kasta styret og bydde på heile føretaket. Med Mosvold Drilling følgde det to inngåtte avtalar om bygging av 6. generasjons Samsung S10000E boreskip hjå SHI, med ein opsjon på eit tredje.
Gjennom oppkjøpet av Smedvig fekk SeaDrill også ein 50% del av Eastern Drilling. Gjennom bruk av særskilte TRS-avtalar med meklarhuset Pareto gjekk eigardelen til SeaDrill, i følgje Oslo Børs, over grensa som gjev plikt til å gje bod på heile føretaket. Dette pliktige tilbodet gjekk føre eit frivillig bod frå SeaDrill på 92 kr per aksje i september 2006, eit bod som også vart avvist av styret som for lågt. Oslo Børs vann fram, og SeaDrill vart tvungne til å tilby minoritetsaksjonærane 135 kr per aksje i april 2007, noko som verdsette føretaket til ca 5,2 mrd kroner. Eit seinare skadebotssøksmål på 850 millionar kr frå SeaDrill mot Oslo Børs førte ikkje fram. Med oppkjøpet av Eastern Drilling tok SeaDrill over avtalar om levering av to nøkkelferdige halvt-nedsøkkbare boreriggar av typen Moss CS50 MkII-DP frå Samsung Heavy Industries (seinare døypt som West Eminence og West Phoenix). Frå før hadde SeaDrill ei avtale med Eastern Drilling om marknadsføring, byggetilsyn og drift av riggane.
I oktober 2007 selde SeaDrill sine 32,5% i PT Apexindo for ca. US $ 220 mill, med ein vinst på om lag US $ 150 mill. Den 13. desember kjøpte Aker Capital (eit heileigd dotterføretak av Aker ASA) seg opp til meir enn 40% i Aker Drilling, noko som utløyste krav om bod på alle aksjane. Dagen etter tilbaud SeaDrill 40,50 kroner aksja i Aker Drilling under føresetnad av å få gjere ein finansiell gjennomgang av føretaket og at dei fekk 90% tilslutning frå aksjonærane. Hovudaksjonæren, Aker Capital hadde då kjøpt ca 45% av aksjane, og godtok ikkje tilbodet. Styret i Aker Drilling nekta vidare SeaDrill å gjere ein finansiell gjennomgang (due dilligence), og SeaDrill selde seg heilt ut att. Aker Capital gav så eit vellukka bud på 39 kr per aksje, og tok selskapet av børs.
I april 2008 varsla SeaDrill at dei hadde kjøpt 9,9% av det konkurrerande amerikanske riggføretaket Pride. Kort tid etter varsla styret i Pride at dei gjennomførte ei finansiell giftpille - der eit oppkjøp på meir enn 10% av aksjane opna for ein retta emisjon mot dei andre aksjonærane, noko som evt. ville vatne ut SeaDrill sin del av føretaket.
Per 27. august 2009 har Seadrill dei følgjande riggane:
Namn | Type | Design | Maks vassdjupn | Maks boredjupn | Levert | Verft | Oppdragsstad | Klient | Oppdragsstart | Oppdragsslutt | Dagrate US$ | Førre dagrate US$ |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
West Alpha | Halvt-nedsøkkbar | Moss CS30 Ultra Yatzy | 600 m | 7000 m | 1986 | NKK | Noreg | Konsortium | Mai 2009 | April 2012 | 479 000 | 473 000 |
West Aquarius | Halvt-nedsøkkbar | GVA 7500 | 3000 m | 10 000 m | 4. kv. 2008 | DSME | Indonesia | ExxonMobil | Februar 2009 | Februar 2013 | 529 500 | Første oppdrag |
West Capricorn | Halvt-nedsøkkbar | Friede & Goldman ExD | 3050 m | 11 400 m | 4. kv. 2011 | SembCorp | Singapore | Under bygging | Ingen kontrakt | |||
West Eminence | Halvt-nedsøkkbar | Moss CS50 MkII-DP | 3000 m | 9000+ m | 1. kv. 2009 | Samsung | Brasil | Petrobras | Juni 2009 | Juni 2015 | 613 000 | 599 000 |
West Hercules | Halvt-nedsøkkbar | GVA 7500 | 3000 m | 10 000 m | 2. kv. 2008 | DSME | Kina | Husky | November 2008 | November 2011 | 531 000 | 541 000 |
West Orion | Halvt-nedsøkkbar | Friede & Goldman ExD | 3050 m | 11 400 m | 2. kv. 2010 | SembCorp | Brasil | Petrobras | Juli 2010 | Juli 2016 | 613 000 | 599 000 |
West Phoenix | Halvt-nedsøkkbar | Moss CS50 MkII-DP | 3000 m | 9000+ m | 2008 | Samsung | Noreg | Total | Januar 2009 | Januar 2012 | 513 000 | 495 000 |
West Sirius | Halvt-nedsøkkbar | Friede & Goldman ExD | 3050 m | 11 400 m | 2. kv. 2008 | SembCorp | Mexicogolfen | Devon | Juli 2008 | Juli 2014 | 473 000 | Første oppdrag |
West Taurus | Halvt-nedsøkkbar | Friede & Goldman ExD | 3050 m | 11 400 m | 4. kv. 2008 | SembCorp | Brasil | Petrobras | Februar 2009 | Februar 2015 | 644 000 | 629 000 |
West Venture | Halvt-nedsøkkbar | Moss CS45 DP | 1800 m | 9000+ m | 2000 | Hitachi | Noreg | Statoil | Februar 2000 | Juli 2010 | 258 000 | 248 000 |
West Capella | Boreskip | Samsung S10000E | 3050 m | 11 430 m | 4. kv. 2008 | Samsung | Nigeria | Total | Mars 2009 | Mars 2014 | 546 000 | Første oppdrag |
West Gemini | Boreskip | Samsung S10000E | 3050 m | 11 430 m | Medio 2010 | Samsung | Sør-Korea | Under bygging | Ingen kontrakt | |||
West Navigator | Boreskip | DP Drillship | 2500 m | 9000+ m | 2000 | Samsung | Noreg | Shell | Januar 2009 | Desember 2012 | 578 000 | 560 000 |
West Polaris | Boreskip | Samsung S10000E | 3050 m | 11 430 m | 2. kv. 2008 | Samsung | Brasil | ExxonMobil | Oktober 2008 | Oktober 2011 | 559 000 | |
West Ariel | Jekk-opp | KFELS 'B' Klasse | 122 m | 9144 m | 2. kv. 2008 | Keppel FELS | Vietnam | VSP | August 2009 | Oktober 2010 | 142 000 | 187 000 |
West Atlas | Jekk-opp | KFELS 'B' Klasse | 122 m | 9144 m | 3. kv. 2007 | Keppel FELS | Australia | Coogee Resources | Februar 2009 | Oktober 2009 | 255 000 | 316 000 |
West Callisto | Jekk-opp | KFELS 'B' Klasse | 122 m | 9144 m | Juli 2010 | Keppel FELS | Singapore | Under bygging | Innvilga betalingsutsetting | Utan kontrakt | ||
West Elara | Jekk-opp | 122 m | 9144 m | 4. kv. 2010 | SembCorp PPL | Singapore | Under bygging | Avbestillingsopsjon | Utan kontrakt | |||
West Epsilon | Jekk-opp | MSC CJ62 S120 | 120 m | 9100 m | 1993 | Keppel FELS | Noreg | Statoil | Oktober 2006 | Desember 2010 | 316 000 | 147 500 |
West Janus | Jekk-opp | Gusto | 100 m | 6500 m | 1985 | Rauma-Repola | Malaysia | PCPPOC | August 2008 | Juli 2011 | 149 500 | 185 000 |
West Juno | Jekk-opp | KFELS 'B' Klasse | 122 m | 9144 m | 4. kv. 2010 | Keppel FELS | Singapore | Under bygging | Innvilga betalingsutsetting | Utan kontrakt | ||
West Larissa | Jekk-opp | MSC CJ-50 | 91 m | 6500 m | 1984 | Keppel FELS | Vietnam | VietsoPetro | Mars 2009 | Desember 2009 | 126 000 | 183 500 |
West Leda | Jekk-opp | 122 m | 9144 m | 1. kv. 2010 | SembCorp PPL | Singapore | Under bygging | Utan kontrakt | ||||
West Prospero | Jekk-opp | KFELS 'B' Klasse | 122 m | 9144 m | Juni 2007 | Keppel FELS | Batam-øya, Indonesia | Korttids-opplag | ||||
West Triton | Jekk-opp | Baker Marine-375 Pacific Class | 114 m | 9144 m | Juni 2007 | SembCorp PPL | Australia | PTTEP Australia | August 2009 | Oktober 2009 | 175 000 | Opplag |
West Alliance | Semi Tender | Keppel | 2000 m | 9144 m | 2001 | Keppel FELS | Malaysia | Shell | 95 000 | |||
West Berani | Semi Tender | Keppel | 2000 m | 9144 m | 2006 | Keppel FELS | Indonesia | ConocoPhilips | 165 000 | |||
West Berani III | Semi Tender | Keppel | 2000 m | 9144 m | 1. kv. 2011 | Keppel FELS | Singapore | Under bygging | ||||
West Menang | Semi Tender | Keppel | 2000 m | 9144 m | 1999 | Keppel FELS | Republikken Kongo | Total | 127 000 | |||
West Pelaut | Semi Tender | Keppel | 2000 m | 9144 m | 1994 | Keppel FELS | Brunei | Shell | 140 000 | |||
West Setia | Semi Tender | Keppel | 2000 m | 9144 m | 2004 | Keppel FELS | Angola | Chevron | 163 000 | |||
West Vencedor | Semi Tender | Keppel | 2000 m | 9144 m | 1. kv. 2010 | Keppel FELS | Chevron | 200 000 | ||||
T3 | Tender Rig | Robray | 122 m | 6096 m | 1980 | Robin Shipyard | Thailand | PTT | 83 000 | |||
T4 | Tender Rig | Robray | 122 m | 6096 m | 1981 | Robin Shipyard | Thailand | Chevron | 101 000 | |||
T6 | Tender Rig | Robray | 122 m | 6096 m | 1982 | Robin Shipyard | Thailand | Carigali | 101 000 | |||
T7 | Tender Rig | Robray | 122 m | 6096 m | 1983 | Robin Shipyard | Thailand | Chevron | 58 000 | |||
T8 | Tender Rig | Smedvig Super Class | 122 m | 6096 m | 1982 | Marathon LeTourneau | Republic of Congo | Total | 125 000 | |||
T9 | Tender Rig | Smedvig Super Class | 2000 m | 9144 m | 2004 | MSE | Malaysia | ExxonMobil | 115 000 | |||
T10 | Tender Rig | Smedvig Improved Super Class | 2000 m | 9144 m | 2007 | MMHE | Thailandgolfen | CarigaliHess | 86 000 | |||
T11 | Tender Rig | Seadrill Improved Super Class | 2000 m | 9144 m | 2009 | MMHE | Thailand | Chevron | 134 000 | |||
T12 | Tender Rig | Seadrill Improved Super Class | 2000 m | 9144 m | 1. kv. 2010 | MMHE | Malaysia | Under bygging | ||||
Teknik Berkat | Tender Rig | Super Class | 152 m | 6096 m | 1990 | Robin Shipyard | Malaysia | PetronasCarigali | 121 000 |