Seedamm er ein delvis kunstig landtunge og ei bru ved den smalaste delen av Zürichsjøen, mellom Hurden (SZ) og Rapperswil (SG) i Sveits.
Seedam dannar ei halvøy i innsjøen av morener frå siste istida. Han ligg ved landsbyen Hurden (SZ) og den vesle øya Rapperswil. Seedam ligg mellom dei tre kantonane Schwyz, St. Gallen og Zürich. Aust for den kunstige landtunga ligg Holzbrücke Rapperswil-Hurden, ei trebru bygd i 2001 som ein rekonstruksjon av den første brua over sundet frå kring 1650 fvt.