Seven Wonders Singel av Fleetwood Mac frå albumet Tango in the Night | ||
B-side |
«Book of Miracles» | |
---|---|---|
Utgjeve | 20. juni 1987 | |
Innspelt | 1986 | |
Sjanger | Danserock | |
Lengd | 3:37 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Låtskrivar(ar) | Stevie Nicks, Sandy Stewart | |
Produsent | Lindsey Buckingham, Richard Dashut | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«Big Love» (1987) |
Seven Wonders | «Little Lies» (1987)
|
«Seven Wonders» er ein song av Fleetwood Mac. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet Tango in the Night i 1987.
Stevie Nicks syng solovokal på denne songen, som vart skriven av Sandy Stewart med noko tekst av Stevie Nicks. Då Nicks lytta til ein demoversjon av av Stewart (som ikkje hadde skrive ned teksten), mistyda Nicks linja «All the way down you held the line» som «All the way down to Emmeline», som er kva ho song. Nicks la òg til eit utydelig ord, som høyres ut som «Sara» eller «Tara», mellom refrenga og versa. Ordet kan referere til Nicks-songen «Sara» på albumet Tusk frå 1978, eller ein annan Nicks-song på Tango in the Night, «Welcome to the Room... Sara». Teksten til sistnemnde inneheld ein referanse til Scarlett O'Hara og Tara, og Nicks har nytta namnet «Sara» fleire gonger tidlegare som eit pseudonym for seg sjølv. Somme fans har òg spekulert i om ho syng «Aaron». Tittelen på demoen til Sandy Stewart heitte visstnok «Aaron». Desse endringane, og andre endringar i teksten, gjorde at Nicks vart oppført som medlåtskrivar på songen.[1]
Songen vart òg gjeven ut som ein 12-tommmarssingel, med ein lengre remix, ein dub-miks og ein instrumental, «Book of Miracles», som seinare vart songen «Juliet» på Nicks-albumet The Other Side of the Mirror i 1989. Ei avgrensa 12-tommars biletplate vart òg gjeve ut i Storbritannia.
I 2009 sampla Pictureplane «Seven Wonders» i songen «Goth Star» på albumet Dark Rift. I 2013 sampla Classixx «Seven Wonders» i songen «Hanging Gardens» frå albumet med same namn. I sesongfinalen av American Horror Story: Coven, opna Nicks med ei framføring av songen. Dette gjorde at songen gjekk opp til 18. plassen på Billboard 'Digital Rock Songs'-lista med eit sal på 13 000.[2]
12" UK singel (Warner Bros. Records W8317T)
Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]
|
Year-end charts[endre | endre wikiteksten]
|