Shake a Tail Feather Singel av The Five Du-Tones frå albumet Hairspray soundtrack | ||
Utgjeve | 1963 | |
Innspelt | 1963 | |
Sjanger | Soul | |
Lengd | 2:24 | |
Selskap | One-DERFUL! | |
Låtskrivar(ar) | Otha Hayes, Verlie Rice, Andre Williams |
---|
«Shake a Tail Feather» er ein song skriven av Otha Hayes, Verlie Rice og Andre Williams som opphavleg vart spelt inn i 1963 av The Five Du-Tones.[1] Denne versjonen vart nytta i filmen Hairspray i 1988. Ein versjon frå 1967 av James & Bobby Purify nådde 25. plassen på Billboard Hot 100.[2]
«Shake a Tail Feather» er blitt spelt av mange andre artistar gjennom åra, mellom andre Ray Charles, som framførte songen i filmen The Blues Brothers i 1980.
Songen er òg blitt spelt av The Cheetah Girls, The Kingsmen i 1966 for The Kingsmen Up And Away, The Monkees i 1968 for 33Mal:Frac Revolutions Per Monkee, Hanson i ein medley med «Gimme Some Lovin'» i 1998 på, Live from Albertane, Teengenerate i 1994 på «Audio Recording», Andre Williams i 2012 på Life, The Overtones på Saturday Night at the Movies i 2013, Ike & Tina Turner,[3][4] Mitch Ryder, Gerry & The Pacemakers, Tommy James and the Shondells og The Romantics.