Shakhura | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nordguvernementet | ||
Koordinatar | 26°13′N 50°30′E / 26.217°N 50.500°E | ||
![]() Shakhura 26°13′00″N 50°30′00″E / 26.21666667°N 50.5°E | |||
Shakhura (arabiskشاخورة , stundom skrive Shakura) er ein landsby som ligg nord og sentralt i Bahrain. Det er ein del av Nordguvernementet. Landsbyen er kjend for dei mange gravhaugane, som er nominert til å bli ein verdsarvstad.[1]
Det ligg ein eldgammal nekropolis i Shakhura, datert attende til Tylos-tida.[2] Staden var estimert å ha vore busett frå kring 200-talet fvt. til 300-talet evt.[2] Av særleg interesse var ein 80 meter lang og opp mot 12 meter høg gravhaug.[2] Haugen vart øydelagd i 1990-åra for å gjere plass til moderne bygningar.[2]