Shelter from the Storm Song av Bob Dylan frå albumet Blood on the Tracks | ||
Utgjeve | Januar 1975 | |
Innspelt | 17. september 1974 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 5:02 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | Bob Dylan |
«Shelter from the Storm» er ein song av Bob Dylan, spelt inn 17. september 1974, og gjeve ut på det 15. studioalbumet hans Blood on the Tracks i 1975.
Det første opptaket av songen, frå den same innspelingsdagen som resulterte i albumversjonen, kom ut på filmmusikkalbumet til Jerry Maguire i 1996. Det same opptaket vart òg gjeven ut på The Best of Bob Dylan året etter. Alle innspelingane av «Shelter from the Storm» kom ut i 2018 på luksusutgåva av The Bootleg Series Vol. 14: More Blood, More Tracks, og det andre opptaket vart òg gjeven ut på den enkle CD- og den doble vinylutgåva.[1]
I lag med «Tangled Up in Blue», var «Shelter from the Storm» ein av to songar frå Blood on the Tracks som var med på samleplata The Essential Bob Dylan i 2000. «Shelter from the Storm» finst òg på to konsertalbum av Dylan — Hard Rain (frå ein konsert i mai 1976) og At Budokan (frå ei konsert i februar 1978).
I tillegg til Jerry Maguire vart «Shelter from the Storm» òg nytta i filmen Warm Bodies i 2013, og under rulleteksten til filmen St. Vincent i 2014 og i 2015 i filmen Steve Jobs.
Håvard Rem skreiv ein norsk tekst til songen kalla «Æ ska gi dæ fred». Denne vart framført av Åge Aleksandersen på albumet Fredløs - Dylan på norsk i 1997.
Tom Roger Aadland skreiv ein nynorsk tekst til songen kalla «Til stormen dreg forbi» for albumet Blod i spora i 2009.