Shlomi | |||
שְׁלוֹמִי, Shelomi | |||
lokal kommune | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 33°4′28.25″N 35°8′41.48″E / 33.0745139°N 35.1448556°E | ||
Areal | 5,9 km² | ||
Folketal | 6 000 (2010)[1] | ||
Folketettleik | 1 017 / km² | ||
Borgarmeister | Gabi Naaman | ||
![]() Shlomi i Israel 33°05′00″N 35°09′00″E / 33.083333333333°N 35.15°E | |||
Wikimedia Commons: Shlomi |
Shlomi (hebraisk שְׁלוֹמִי) er ein by i Det nordlege distriktet i Israel. I 2010 hadde Shlomi 6 000 innbyggjarar.
Han vart grunnlagd som ein utviklingsby i 1950 av jødiske emigrantar frå Tunisia og Marokko i ruinane av ein palestinsk landsby Al-Bassa som vart øydelagd under den arabisk-israelske krigen i 1948.[2][3][4] Han vart kalla opp etter ein leiar for stamma Asher, nemnt i Bibelen (4. Mos 34:27).
Shlomi var mål for Katyusha-rakettåtak av Hizbollah den 11. mai 2005 på sjølvstendedagen til Israel, og igjen same dagen i 2006. Han vart igjen angripen med rakettar den 12. juli 2006, ei avleiing for å ta livet av tre soldatar og kidnappe to andre. Dette sparka i gang Libanonkrigen i 2006.