Shoot Out at the Fantasy Factory Studioalbum av Traffic | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Februar 1973 | |
Innspelt | 1972 | |
Studio | Strawberry Hill Studios, Jamaica | |
Sjanger | Progressiv rock, jazzfusion | |
Lengd | 39:18 | |
Selskap | Island | |
Produsent | Steve Winwood | |
Traffic-kronologi | ||
---|---|---|
The Low Spark of High Heeled Boys (1971) |
Shoot Out at the Fantasy Factory | On the Road (1973)
|
Shoot Out at the Fantasy Factory er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet Traffic, gjeve ut i 1973. Det var ein oppfølgjar til The Low Spark of High Heeled Boys og inneheldt fem songar. Shoot Out fekk ikkje like bra kritikk som føregangaren, men nådde sjetteplassen på Billboard Pop Albums-lista, ein plass høgare enn Low Spark i 1972.[1] Som føregangaren var det originale plateomslaget slik at to av hjørna var avskorne.
Albumet vart spelt inn med fire medlemmar av Muscle Shoals Rhythm Section (David Hood, Roger Hawkins, Barry Beckett og Jimmy Johnson). Hood og Hawkins var oppførte som medlemmar av Traffic. Desse to pluss Beckett vart med bandet på turné og spelte på konsertalbumet On the Road.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Christgau's Record Guide | C[3] |
Rolling Stone var litt lunken og skreiv at dei fleste songane var for avbalanserte og uniforme i struktur og tone, men at «Evening Blue» og «(Sometimes I Feel So) Uninspired» var høgdepunkt. Dei oppsummerte at albumet «omfattar både dei inkonsistente faktorane som plaga bandet, i tillegg til høgdepunkta som heldt dei gåande.»[4]
AllMusic meinte at komposisjonane og framføringane jamt over var svake og at albumet var «kompetent, men likeglad i den kjende stilen deira»,[2] medan Village Voice-kritikaren Robert Christgau berre skreiv ei enkel setning «Kan gjevast bort: '(Sometimes I Feel So) Uninspired'.»[3]
Alle songar er skrivne av Steve Winwood og Jim Capaldi, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Shoot Out at the Fantasy Factory» | 6:05 |
2. | «Roll Right Stones» | 13:40 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
3. | «Evening Blue» | 5:19 | |
4. | «Tragic Magic» | Chris Wood | 6:43 |
5. | «(Sometimes I Feel So) Uninspired» | 7:31 | |
Total lengd: | 39:18 |
Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1973 | Billboard 200 | 6[1] |
Organisasjon | Nivå | Dato |
---|---|---|
RIAA – USA | Gull | 3. mars 1973 |