Show Me the Way Singel av Styx frå albumet Edge of the Century | ||
B-side |
Back to Chicago | |
---|---|---|
Utgjeve | 5. desember 1990 | |
Innspelt | 1990 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 4:35 | |
Selskap | A&M | |
Låtskrivar(ar) | Dennis DeYoung | |
Produsent | Dennis DeYoung | |
Styx-kronologi | ||
«Love Is the Ritual» (1990) |
Show Me the Way | «Love at First Sight» (1991)
|
«Show Me the Way» er ein song skriven av Dennis DeYoung og gjeven ut som den andre singelen frå albumet Edge of the Century av Styx i 1990. Songen nådde tredjeplassen på singellista i USA i mars 1991, og er den åttande og så langt siste topp 10-singelen til Styx i USA.
Dennis DeYoung, som var ein trufast katolikk, skreiv opphavleg songen for sonen Matthew som ei slags salme om å kjempe med trua si i «ei verd fylt med hat».[1][2] Singelen kom ut i desember 1990 og gjekk langsamt oppover listene og låg inne på topp 40 av den amerikanske Billboard Hot 100 i 23 veker.[3] Songen nådde òg tredjeplassen på Adult Contemporary-lista, og nådde òg fjerdeplassen på den kanadiske pop-lista.[4]
Songen var den fjerde og ssite topp 5-singelen til Styx (og den åttande topp 10-singelen), og vart rangert på 68. plassen på lista til Billboard for heile 1991.[5]
Musikkvideoen til songen var regissert av Michael Bay.
Liste (1990-91) | Plassering |
---|---|
Canada RPM Top Singles | 4 |
Canada RPM Adult Contemporary | 3 |
U.S. Billboard Hot 100 | 3 |
U.S. Billboard Adult Contemporary | 3 |
Liste (1991) | Plassering |
---|---|
Canada Top Singles (RPM)[6] | 31 |
U.S. Billboard Hot 100[7] | 68 |