Showtime Scandinavia (vanlegvis berre Showtime) var ein skandinavisk fjernsynskanal som sende actionfilmar heile døgeret. Kanalen tilhøyrde svenske NonStop Television AB. Han vart lagt ned 15. juli 2015.[1]
Varemerket Showtime var lisensiert av amerikanska Showtime Networks Inc. som tilhøyrer CBS Corporation. Programmet for den amerikanske Showtime er ikkje den same som hjå den nordiske versjonen.
Kanalen var tilgjengeleg i Noreg, Finland, Danmark og Sverige hjå satellitt- og kabelfjernsynsleverandøren Canal Digital. I Noreg var kanalen også tilgjengeleg hjå kabelleverandøren Get.