Siehe, es hat überwunden der Löwe

Siehe, es hat uberwunden der Lowe
BWV 219
Kantate av Georg Philipp Telemann
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1723
Urframføring1723
Publiseringsdato1894
Satsar/akter6
ToneartD-dur

Siehe, es hat uberwunden der Lowe er ein kantate komponert av Georg Philipp Telemann. Ein trudde tidlegare det var Johann Sebastian Bach som var komponisten og stykket fekk derfor katalognummeret BWV 219.

Han vart komponert i Eisenach i 1723 for mikkjelsmesse. Stykket vart framført på nytt i Hamburg nokre år seinare.

Teksten er skriven av Erdmann Neumeister.

Instrumentering og struktur

[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to trompetar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Siehe! Es hat uberwunden der Lowe», Koral
  2. «Gott sturzt den Hochmut des wutenden Drachen», Arie for bass
  3. «Mensch, willt du nicht dein Heil verscherzen», Resitativ for sopran
  4. «Wenn in meinen Letzen Zugen Sund und' Satan mich bekriegen», Arie for alt
  5. «Lass deine Kirch' und unser land», Koral
  6. «Zuletzt lass sie an unserm End' den Satan von uns jagen», Koral