Sigrid Bonde Tusvik | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. februar 1980 (45 år) Oslo |
Yrke | komikar, standupkomikar, programleiar, podkastvert, faglitterær forfattar |
Sigrid Bonde Tusvik på Commons |
Sigrid Bonde Tusvik (fødd 2. februar 1980) er ein norsk komikar og forfattar.
Ho er oppvaksen på Nordstrand som dotter av lærebokforfattaren Elin Bonde og Sverre Tusvik, som var redaktør i Samlaget. Tusvik er gift med Martin Jøndahl.[1]
Etter å ha studert til tekstforfattar ved Westerdals School of Communication har ho vore skribent for både Stella og Dagsavisen.
Tusvik har sidan 2003 jobba med stand up-komikk. Ho var med i undergrunnshowet Blymandag der òg Else Kåss Furuseth, Henrik Thodesen, Odd-Magnus Williamson, Martin Beyer-Olsen og Morten Ramm var med. Dette har vore sett på som forløparen til TV-programmet Torsdag kveld fra Nydalen.[2]
Ho har vore reporter for Rikets Røst og var i 2010 programleiar i SMS-rulett, ein konkurranse mellom kjendisar på VGTV. Same år sende NRK serien Sigrid søker kjæreste der ho traff den komande ektemannen sin Martin Jøndahl. I 2011 var ho vikar for Henriette Steenstrup i Torsdag kveld fra Nydalen før ho i 2012 vart fast i programmet etter at Morten Ramm slutta.
11. oktober 2012 starta ho saman med komikarvenninna Lisa Tønne podcastprogrammet Tusvik & Tønne som dei skildrar slik: «Sigrid og Lisa er to altfor frittalende komikere. Ett sted må de få lov til å tømme seg, det er blitt til Tusvik & Tønnes podcast»[3]
Podcasten har fått kritikk for å hengja ut einskildmenneske, utan å måtta forhalda seg til Vær Varsom-plakaten, som redaktørstyrte medium følgjer.[4][5]
Hausten 2013 viste TV 2 Sigrid blir mamma, ein dokumentar i fire delar om Tusviks tid som gravid og spebarnsmor.
Ho fekk to prisar under Komiprisen 2015: prisen for årets kvinnelege scenekomiker for Mot i brøsta og publikumsprisen for årets morosamaste saman med Lisa Tønne. Ho var òg nominert i klassene årets kvinnelege TV-komiker og årets stand-up komiker.
I 2015 hadde Tusvik og Tønne både eit eige talkshow på TV 2 og show på Latter i Oslo kalla Tusvik og Tønne skammer seg. 2017 og 2018 opptredde ho med Tusvik & Tønne - På oppdragelsesreise.[6]