Sigurd Brørs | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. juli 1968 (56 år) Møre og Romsdal fylke |
Idrett | langrenn |
Sigurd Brørs (fødd 16. juli 1968) er ein tidlegare langrennsløpar. Han fekk si beste plassering i verdscupen i januar 1992, då han vart nummer tre i Cogne. Han var då 3, 9 sekund bak Torgny Mogren, men langt bak vinnaren Bjørn Dæhlie. To gonger vann han bronsemedaljar under noregsmeisterskap, på 15 km i 1990 og på 10 km i 1993. Nærast NM-gull var han i 1990, då han var 15-16 sekund bak dei to som i sekundstrid kjempa om sigeren, Kristen Skjeldal som vann og Bjørn Dæhlie. Brørs tevla for Surnadal Idrettslag, nett som den eldre broren Sturla Brørs.